page view image

Bretton Woods 20-års jubileumskonsert

Informasjon
event image

Revolveren sit jamt laust i hylsteret i tekstane til Bretton Woods, så musikken høver best for vaksne, eller ungar som ikkje kan engelsk. Skildringane frå Ville vesten er ingen sundagsskule, med svindel, plyndring, trugsmål, vald og mord. Til skilnad frå annan countrymusikk krinsar tekstane i stor grad rundt fattigdomsrelatert elende og andre globale spørsmål. 

Vi har ikkje høyrd så mykje frå Bretton Woods dei siste åra, men sanninga er at dei har halde det gåande på seine kveldar i mørke smug på Aleksander Kiellands plass. Og no er det min santen gått 20 år sidan dei spela sin første konsert.Ein tenkjer gjerne på Bretton Woods som eit band, men i røynda er Bretton Woods eit nettverk beståande av laust organiserte musikarar som trakterer ei lang rekke akustiske instrument. Det er kanskje difor dei har klart å halde det gåande i 20 år, trass i at fleire av medlemmane har busett seg i kortare eller lengre periodar i krøllete land som Iran, Afghanistan, Sør-Afrika, Nigeria, Guatemala og New Zealand. Bretton Woods er, ulikt country-band flest, organisert rundt eit lite arbeidsutval som utgjer det ein kan kalle eit musikalsk brød og smør. Rundt arbeidsutvalet finn vi ein krins av meir musikalske utøvarar som står for sausen, eller krydderet om du vil.

No feirar Bretton Woods sine 20 første år som country-musikkens Robin Hood, der dei kvilelaust har tatt frå dei rike og gitt til dei fattige. Gjennom godt betalte speleoppdrag for mellom anna akademia, frivillige organisasjonar og offentlege etatar, har Bretton Woods vore i stand til å spele gratis skranglemusikk ifrå giftemål, skilsmisser, i kyrkjer, på låvar og i mørke kjellarar. På sitt beste kan songane innehalde ei heil novelle, somme tider ein heil roman. Vi får mellom anna høyre om nifs kriminalitet i Tax Me If You Can, om verdikonfliktar i The Treehugger And The Lumberjack og eit skrikande rop om hjelp i Where Is The Foreign Department. Dessutan seier rykta at Bretton Woods no er inne i ein spirituell periode, så gudane veit korleis denne kvelden vil fyke av.


brettonwoods country americana

Restriksjoner

Aldersgrense 20 år.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.
Sitteplass ikke garantert.