Stig Ulv

Arrangementsinformasjon

Det set sine spor å vekse opp i Ørsta, Ivar Aasen si heimbygd, som ligg klemt mellom mektige fjordar og majestetiske fjell på Søre Sunnmøre. Det er her i skjæringspunktet mellom folk og natur, at den har oppstått, Stig Ulv sitt varemerke: Den uimotståelege klangen.

Stig Ulv gir oss med sin musikk stemningar som er så vakre og ettertenksomme at dei som sit igjen uberørte etter eit møte med desse, bør vurdere å oppsøke profesjonell hjelp. Nokre av låtane ropar etter tekst, men du verden så godt dei klarar seg utan. Her kan ein skape seg sitt eige univers saman med Stig Ulv.

Med eit arsenal av akustiske strengeinstrument, inkludert banjo, maktar Stig Ulv, som er mutters åleine, å skape forskjellige slags stemningar i landskap som hentar hemningslaust ifrå både folk, pop, vise, jazz og andre herligheiter.

Det handlar om han og gitaren. Og sjelefred, intet mindre.

 Stig Ulvestad har spilt to konserter på Herr Nilsen tidligere, det har vært to av de vakreste vi har hatt noen gang.





herrnilsen
stigulv

Restriksjoner

Aldersgrense 20 år.
Kun 60 sitteplasser, resten ståplasser.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke.