Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Dag Arnesen gav i 2024 ut eit nytt album med sin nye trio beståande av Dag Arnesen, Magne Thormodsæter og Øyvind Skarbø.
Albumet har fått tittelen Ice Breaking. All musikken er nyskriven - med unntak av 2 låter. Musikken er no «røffare» enn på hans forrige prosjekt, Norwegian Song, men fortsatt er Dag oppteken av å prøve å skape dei «gode» melodiene.
Dag Arnesen har ei lang karriere bak seg. Han har leia mange band - fra trio til mini-storband med sjølvkomponert musikk - heilt fra Ny Bris på 80- tallet. Han har i tillegg ei lang rekke plateutgivingar bak seg.
Dag har óg samarbeida med ei rekke av dei mest profilerte norske jazzmusikarar og store internasjonale namn som Joe Henderson, Carla Bley og Elvin Jones. Han reknast som ein av Noregs leiande jazzpianister gjennom dei siste 30-40 åra.
Dag Arnesen - piano
Magne Thormodsæter - kontrabass
Øyvind Skarbø - trommer
Biletet er teke av Rasmus Vik Lagerberg.